skip to Main Content

HISTORISK DELTAKING I NM

Denne helga har Klara Nilsen (15) og Mia Sørvik (15) delteke i NM i svømming i Stavanger. Det er første gong i historia at Austevoll idrettsklubb stiller med to jenter i NM. Kvalifiseringa skjedde i NM for ungdom i oktober i Bergen. Til dette stemnet var dei begge to kvalifisert for øvingane 50 og 100 rygg. Her fekk dei nye personlege rekordar, noko som gav dei plass vidare i NM.

Klara på 100 meter rygg på tida 1.07,97 og Mia på 50 meter rygg med tida 31,26 og på 100 meter rygg 1.07,70. De vart ingen nye personlege rekordar, men jentene leverte og gjorde jobben.

Vi i svømminga i Austevoll er så utruleg stolte av desse jentene! Kva einaste dag trener dei beinhardt og gjer alle dei gode vala, som må til for at ein skal lykkast i denne idretten. Det er så fantastisk at sjølv om dei kjem frå ein liten kommune som Austevoll, så kan ein faktisk lykkast å nå heilt til topps i Norge, gjennom hardt arbeid og god motivasjon.

Gratulerer så mykje til Klara og Mia og ikkje minst trenarane Anna og Odd-Ivar Nilsen!

Back To Top
Search