skip to Main Content

HISTORISK KVALIFISERING TIL ÅRSKLASSEMESTERSKAP (ÅM)

Symjegruppa i Austevoll idrettsklubb informerte tidlegare i haust om historisk mange kvalifiserte symjarar til Låmø. Låmø er landsdels årsmesterklasseskap som blir halde i fem regionar, Aust, Nord, Midt, Sør og Vest. I vest er det Vestland og Rogaland fylke som er representert.

For å bli kvalifisert til Låmø må du ha vera blant dei 24 beste symjarane i fem ulike symjeartar. Det er 400 m fri, 200 m medley, 200 m bryst, 200 m rygg og 100 m butterfly. I år var det altså heile åtte jenter frå Austevoll idrettsklubb som klarte denne bragden.

Grunna konfirmasjon same helg som Låmø gjekk av stabelen, var det berre seks austevollingar som deltok her. Men desse seks jentene leverte ei knallsterk deltaking, noko som førte til heile 23 nye personlege rekordar.

Og ikkje nok med det, tre av jentene gjekk vidare til Årsklassemesterskapet. Det vil sei, at Thea Våge (15), Klara Nilsen (14) og Mia Sørvik (14) er blant dei 30 beste symjarane i sine årsklasser i Norge på desse øvingane! Det er vi ganske sikker på er første gong i historia i Austevoll.

Vi i symjeguppa ufatteleg stolte og krye og gler oss til å følgja dei i Sandnes til helga!

 

Back To Top
Søk