skip to Main Content

HISTORISK MANGE KVALIFISERTE TIL LÅMØ FRÅ SVØMMEGRUPPA

Denne helga deltek svømmegruppa i Austevoll på stevnet Landsdel Årsklassemønstring i Stavanger. Austevoll stilte med heile elleve jenter som hadde kvalifisert seg. Det har aldri vore så mange som har kvalfisert til dette stevnet. For å kvalifisera seg må ein være blant dei 24 med best tid i øvingane 100 butterfly, 200 medley, 200 bryst, 200 rygg og 400 crawl i si årsklasse for kvar region. Me er i region Vest som er for Rogaland og Vestland fylke.

Desse austevollingane kvalifserte seg Bak frå venstre: Lily English (11), Ida-Elise O Haukanes (11), Invgild Sandtorv (12), Liv Våge(12), Margrethe Karlsen (12), Julia Våge (12), Mia Sørvik (14), Bertine Klæboe (15), Thea Våge (15), Silvia P Hufthammer (14), , Klara Nilsen (15).

Back To Top
Search