skip to Main Content

Informasjon frå friidrettsgruppa

Frå hausten 2019 utvidar friidrettsgruppa treningstilbodet sitt, og tilbyr friidretts trening frå 1.klasse og oppover. Det vert ei gruppe (Gruppe 1) for 1. og 2.trinn og ei gruppe frå 3.trinn og oppover (Gruppe 2).
Treningane blir onsdagar kl 18-19 og fyrste trening blir onsdag 28. august.
Me trenar ute på løpebanen på Eidsbøen fram til haustferien. Frå haustferien og til påske har vi mulighet til å trene inne i hallen ved dårleg ver.

Me forventar at dei som er med på friidrett er motiverte til å trena, og at dei likar aktivitet. Treninga skal vere lystbetont og motiverande.
I tillegg til å trene konkret på friidrettsøvingar vil me ha mykje fokus på grunntrening som spenst, styrke, hurtigheit og kondisjon.
Me jobbar med å byggje opp att friidrettsgruppa og planlegg deltaking på stevner også utanfor kommunen.

Grunna begrensa kapasitet på trenarsida så vil me ta inn maks 25 ungar i kvar av dei to gruppene. Denne grensa vil me vurdera etter kvart som me kjem i gong, dersom pågongen er stor.

Trenarar denne sesongen er:
Nina Møgster
Silje Strand Halstensen
Margrethe Utkilen
Lilly Løvås Storebø

Dei som har gått på friidrett denne sesongen treng ikkje å melde seg på på nytt.

Innmelding friidrett
Back To Top
Search