skip to Main Content

KVALIFISERT TIL UM – UNGDOMMENS NM

Klara Nilsen (14) frå symjegruppa i Austevoll idrettsklubb kvalifiserte seg til UM (ungdommens norges meisterskap) i helga på øvinga 100 meter rygg.

Med ein solid pers 2,73 sekund fekk ho tida 1.09,20 som er innanfor kravet på 1.09,70. Ikkje berre fekk ho ei ny tid og kvalifisering til UM, ho stakk også av med gullmedaljen på denne distansen.

Med dette skriv symjeguppa og Austevoll idrettsklubb nok ei ny historisk bragd. Klara er den første jenta frå symjegruppa i Austevoll idrettsklubb som har klart kravet til UM.

Symjegruppa er utruleg stolte og krye og gratulerer Klara og trenarane Odd Ivar og Anna Nilsen så mykje!

Back To Top
Search