skip to Main Content

Liv og Julia Johansen Våge klar for Låmø

Ei lang symjehelg er over og symjegruppa si jakt etter stadig betre tider, gjev gode resultater.

Fredagen starta med øvinga 400 meter fri, kor det eigenteg blir sumd crawl. Her deltok tolv spreke jenter får Austevoll, kor dei yngste var 10 år. Tvillingssystrene Liv og Julia Johansen Våge sumde denne øvinge for første gong og er truleg dei yngste frå Austevoll som nokon gong har fått registrert tid på denne.

Laurdag og sundag var det klart for stemnet Allers Invest arrangert av Bergen Svømme Club. No er det ikkje lenge til kvalifiseringsperioden til Landsdelsårsmesterskapet går ut. Då gjeld det å pressa ned kvar einaste 100 dels og 10 dels sekund på tidene sine. For å delta her må ein vera blant dei 24 beste i si årsklasse frå Vest, det vil sei Rogland og Vestland fylke. Øvingane som dei må vera kvalifisert i er 400 meter fri, 100 meter butterfly, 200 meter rygg, 200 meter bryst og 200 meter indivivduell medley.

For dei som er fødd i 2009 er det nok at dei har gyldig tid i øvingane 400 meter fri, 50 meter butterfly, 100 meter rygg, 100 meter bryst og 200 meter individuell medley. Og her har altså systrene Julia og Liv (10 år) begge klart krava og er dermed klare for Låmø. Historisk for Austevoll som stiller med yngste deltakarar nokon gong!

For dei andre er ikkje resultata klare enno, då ein framleis kan registrere tida si. Men resultatet etter stemnet desse tre dagane er 47 nye personlege rekordar og 26 medaljer, kor det er fem bronse og tolv gullmedaljer. Som ein skjønar, er det knallhard jobbing på austevollingane.

Navn: Antall perser Beste forbedring tid i sek Øving
Martin 1 0,52 100 bryst
Thea 2 5,86 200 m rygg
Bertine 6 6,79 400 m fri
Mia Sø 3 5,22 100 m butterfly
Silvia 5 21,76 400 m fri
Klara 2 6,25 200 m rygg
Mariann 7 6,3 100 m butterfly
Iselinn 4 6,3 400 m fri
Ragnhild 1 12,44 400 m fri
Louise 4 1,82 200 m bryst
Cathrine 1 9,1 400 m fri
Ingvild 3 6,15 100 m fri
Liv 3 1,68 50 m bryst
Julia 4 5,28 100 m bryst

 

Back To Top
Search