skip to Main Content

Liv og Julia Våge i Nordsjøstevnet

I helga deltok Liv (14) og Julia Våge (14) i det internasjonale stemnet, Nordsjøstevnet som vart avvikla i Stavanger. Søstrene hadde kvalifisert seg i tilsaman åtte distanser. Dette er ei veldig sterk bragd av Austevoll, då nivået for å kvalifisera seg er utruleg høgt.

Jentene leverte som vanleg på høgt på plan og Julia kapra seg i tillegg tre nye personlege rekordar på øvingane 100 meter bryst, 50 meter og 100 meter butterfly.

Symjegruppa i Austevoll idrettsklubb er utruleg stolte av desse austevollingane og er veldig glade for at dei visar fram den høge kvaliteten som symjegruppa i Austevoll idrettsklubb har. Dette viser at jamt og høgt treningsmengd gjev gode resultat.

Tidlegare austevollssymjarar Mia Sørvik og Klara Nilsen imponerte også i dette stemnet, Dei representerer no etter sommaren,  symjeklubben Bergen Vest svømmeklubb. Mia fekk nye personleg rekordar på 100 meter bryst og 100 meter fri, medan Klara fekk ny rekord på 100 meter rygg.

Symjegruppa i Austevoll gratulerer alle dei fire jentene!

 

Back To Top
Search