skip to Main Content

ME INVITERAR TIL TRENARKURSET «FRIIDRETT FOR BARN»

ME INVITERAR TIL TRENARKURSET «FRIIDRETT FOR BARN»

Kurset er for alle frå 16 – 90 år

Kurset går onsdag 8. og torsdag 9. mars, kl 16.30 – 20.30 på Austevoll Idrettsanlegg / Klubbhuset.

Aktive over 16 år, foreldre, besteforeldre og andre som er interesserte er velkomne til å delta.

Dette kurset er no, i tillegg til å væra mynta på klubb/lag og tilpassa skulen, slik at lærarar kan få eit lite lyft i kunnskapen innan friidrett, og på den måten kan få nytta det fine anlegget vårt på beste mogeleg måte i skuletida og.

Kurset er gratis!

Friidrettskrinsen betalar kurset for lærarar (grunna samarbeid mellom klubb og skule på skuleidrettsdagar)

Klubben betalar for alle dei andre.

PÅMELDING TIL: friidrett@aik.no (har du spørsmål kan dei rettast til underteikna, 90165709)

Informasjon me treng frå dei som vil delta er:

Navn, adresse, e-post, mobilnummer og fødselsdag/ år.

For lærarar treng me og å veta om dei er medlem i ein klubb/idrettslag eller ikkje.

Me vonar at mange vil delta.

Mvh

Svein Harald Haukanes

Back To Top
Search