skip to Main Content

Nestle lekene utsatt

Etter planen skulle me starte opp med friidrettsleikar denne veka. På bakgrunn av auka smittetilfelle av Covid-19 i Austevoll har me no beslutta å utsetje oppstart med ei veke. Det pågår ei omfattande testing og smittesporing denne veka, og me både trur og håpar at me mot slutten av veka vil få stadfesta at det er kontroll på smittespreiinga i Austevoll. Inntil me er trygge på dette så synes me ikkje det er riktig å samle nesten 40 born frå tre ulike skular til trening. Me hadde gleda oss til å starte opp, og det gjer me fortsatt. Oppstart vert no 2.sept. (sjølvsagt med eit lite atterhald om at koronaen er under kontroll).

  • AIK Friidrett
Back To Top
Search