NY LEIAR I SVØMMEGRUPPA
Svømmegruppa i Austevoll idrettsklubb har fått ny leiar frå 23. oktober 2024. Den nye leiaren er Maja Olsson Bjånes. Ho er nettopp ferdig med vidaregåande og har eit friår no, mens ho vurderer kva ho vil studere.
Mange kjenner ho sikkert igjen i frå svømmegruppa. Der ho har vore med sidan ho starta opp med svømming siste året i barnehagen. Ho deltok på sitt første stemnet i tredje klasse og har vore aktiv konkurransesymjar i mange år som har resultert i ein skuff full av gullmedaljer. Maja har vore instruktør og trenar i svømmegruppa sidan 2019.
Cathrine som har vore leiar sidan 2022 vil fortsatt vera med i styret i svømmegruppa.
Maja blir den fjerde kvinnelege leiaren i svømmegruppa. Linn Våge var leiar fram til 2022.