skip to Main Content

«Ny» Austevollhall

Eldsjeler i Austevoll Idrettsklubb har jobba både seint og tidleg for å oppgradera hallen i sommar.
Langt over 350 timer er brukt til maling og rydding og me er utruleg stolt av gjengen som har stått på.
Hallen er blitt heilt ny, og me er utruleg stolt av å drifta denne hallen.
Veggane er grunna og malt-totalt 4 strøk, og me kan lova at dette var ein stor jobb.
Alt har gått knirkefritt i prosessen, og alle har stått på. Både lysa og golvet kom før planen, so me har vert utruleg heldig.
Austevoll Elektro As har vert å skifta lysa til LED lys. Lysa var gamle, og brukte mykje straum. Denne investeringa håpa me å sjå att på straumrekninga. Denne gjengen jobba godt , og me fekk lysa ferdig til golvleggarane kom.
Gulv og takteknikk As fekk anbodet på golvet, og desse karane har me vert strålande fornøgd med. Detta har dei gjort før.
Me vil med detta takka kvar og ein av dei som har vert på dugnad-de er fantastiske.

Me vil takka Austevoll Kommune for godt samarbeid-saman blir me god.
Me vil takka Austevoll Elektro As og Gulv og Takteknikk As for samarbeidet og ein god jobb.

Back To Top
Search