PERS PÅ PERS I ADO ARENA
Det er over eit halvt år sidan symjegruppa i Austevoll Idrettsklubb kunne delta på symjestemne. Det siste stemnet vi fekk vera med på før alt blei stengd ned, var vårt eige stemnet, Austevoll Open 2020.
Det var difor stor spenning når konkurransegruppa i symjegruppa fekk lov til å delta på Ado Open 2020, som var i slutten på september.
Under fleire strenge tiltak, grunna covid-19 blei stemnet avvikla over 3 dager og symjarane frå Austevoll blei delt opp i to ulike grupper fordelt på to økter pr dag. Aik fekk kun lov til å ha ein trenar og ein smittevernansvarleg inne, samstundes med utøvarane. Austevoll stilte med 14 symjarar i alderen 10 til 14 år.
Og for ein stor glede det var å få konkurrere att! Heile 70 nye personlege rekordar tok austevollingane med seg heim att. I tillegg utfordra dei seg på mange nye øvinger, deriblant 800 fri. Det er kjekt å sjå at hardtrening i bassenget gjev slike gode resultat.
Her er ei oversikt på dei beste personlege rekordane:
Navn: | Antall perser | Beste forbedring tid i sek | Øving |
Martin | 6 | 9,94 | 200 bryst |
Thea | 5 | 24,36 | 400 medley |
Bertine | 5 | 9,94 | 400 fri |
Mia Sø | 9 | 20,43 | 400 fri |
Silvia | 6 | 14,07 | 400 fri |
Klara | 9 | 14,19 | 100 butterfly |
Mariann | 6 | 19,17 | 400 fri |
Iselinn | 7 | 7,82 | 200 medley |
Ragnhild | 8 | 8,75 | 200 bryst |
Marta | 3 | 27,74 | 400 fri |
Ingvild | 3 | 12,14 | 100 fri |
Julia | 2 | 12,98 | 400 fri |
Liv | 2 | 21,48 | 400 fri |