skip to Main Content

PERS PÅ PERS I ADO ARENA

Det er over eit halvt år sidan symjegruppa i Austevoll Idrettsklubb kunne delta på symjestemne. Det siste stemnet vi fekk vera med på før alt blei stengd ned, var vårt eige stemnet, Austevoll Open 2020.

Det var difor stor spenning når konkurransegruppa i symjegruppa fekk lov til å delta på Ado Open 2020, som var i slutten på september.

Under fleire strenge tiltak,  grunna covid-19 blei stemnet avvikla over 3 dager og symjarane frå Austevoll blei delt opp i to ulike grupper fordelt på to økter pr dag. Aik fekk kun lov til å ha ein trenar og ein smittevernansvarleg inne, samstundes med utøvarane. Austevoll stilte med 14 symjarar i alderen 10 til 14 år.

Og for ein stor glede det var å få konkurrere att! Heile 70 nye personlege rekordar tok austevollingane med seg heim att. I tillegg utfordra dei seg på mange nye øvinger, deriblant 800 fri. Det er kjekt å sjå at hardtrening i bassenget gjev slike gode resultat.

Her er ei oversikt på dei beste personlege rekordane:

Navn: Antall perser Beste forbedring tid i sek Øving
Martin 6 9,94 200 bryst
Thea 5 24,36 400 medley
Bertine 5 9,94 400 fri
Mia Sø 9 20,43 400 fri
Silvia 6 14,07 400 fri
Klara 9 14,19 100 butterfly
Mariann 6 19,17 400 fri
Iselinn 7 7,82 200 medley
Ragnhild 8 8,75 200 bryst
Marta 3 27,74 400 fri
Ingvild 3 12,14 100 fri
Julia 2 12,98 400 fri
Liv 2 21,48 400 fri

 

Back To Top
Search