skip to Main Content

PINGVINLEKENE 14-16.02.2025 I LEIKVANGHALLEN

Pingvinlekene gjekk av stabelen i helga som var. Austevoll Idrettsklubb hadde med 16 deltakarar med stort og smått. Ein heil del entusiastiske foreldre var og med på turen. Det var stort sett 60m og kule  dei yngste var med på. Dei fleste var med i begge øvingar. Ein god del var debutantar , og det var ikkje tvil om at ein del av desse var litt nervøse. To vel vaksne herrar stilte og på startstreken og sprang 3000m, som utgjer 15 slitsame rundar på denne 200m innandørs banen. Det vart mange fine resultat og mange persar. Totalt var det nærare 500 deltakarar påmelde.

På denne lenka kan du sjå resultata:

https://norway.opentrack.run/nb/x/2025/NOR/pingvinlekene/event/

Desse var med:

Mia Henriksen Gjøvåg, Celina Gokstad Møgster, Norella Solberg, Silvia Østervold, Jakob Drivenes Brekke, Jakob Birkeland, Theodor Sandvik, Lykke Henriksen Gjøvåg, Andrine Gokstad Møgster, Jonathan Solberg, Theodor Solberg, Lars Martin Gilborne Augestad, Tor Sverre Gilborne Augestad, Jonn-Dagfinn Gilborne Augestad, Tor-Harald Njåstad og Svein Harald Haukanes.

Her er litt bilete frå stemnet:

Opning av stemnet på laurdag. Deltakarane gjekk ein runde med sjefspingvinen.

 

Jentene gjær seg klare for kulestøt.

Norella Solberg debutant                                                    Andrine                                                   Silvia                                                      Celina

Theodor Sandvik, nr. 2 i køen, gjer seg klar til sitt livs første kulestøt.  Jakob Drivenes Brekke                          Jakob Birkeland også debutant. Lars Martin

Jonathan Solberg debutant                                                                         Tor Sverre fint res. kulestøt                     Jonn-Dagfinn med pers og sølvmedalje.

Klar for 60m med litt trenar instruksjon

Småjentene spennklare for 60m

Gutane gjer seg klare. Her har me 3 debutantar:

Jakob Birkeland                     Jonathan Solberg                                                       og Theodor Solberg

Sigerspall er kjekt både for store og små

Tor-Harald vinnar i 40-44års klassen og Svein Harald vinnar av 70-74års klassen, begge på 3000m.  Før heite det veteranklassane, no heite det Masters…so me stige i gradene.

Dei små fekk sjølvsagt fine pingviner i premie. Startnummeret kan og brukast som billett på Akvariet.

Mykje gøy i hallen i løpet av dagen…

                           

 

Back To Top
Search