skip to Main Content

Resultat Austevoll-Leikane

Johannes Sandvik Bø Frå Fitjar Spring Ein Susande 5000m

Austevoll-Leikane i strålande vær.

Det vart 77 påmelde og 135 enkeltstartar. Ein fin gjeng med tilreisande frå Haugesund, Bremnes, Fitjar og IF Klypetussen i sør. Frå bergenskanten var det deltakarar frå Bjarg, Gneist, Fri, Norna-Salhus, Os Turn og sjølvsagt var det deltakarar med frå Austevoll. Totalt var det nok et par hundre menneske på Austevoll Idrettsanlegg denne dagen. I tillegg var det kring 20 funksjonærar.

Rekruttane var som vanleg først ute, og dei sprang 40m og var spente og ivrige ved startstreken. Etter målpassering fekk alle ei velfortent medalje om halsen.

Det var og ein del startande i dei minste årskulla frå 10 – 13år, men lenger opp i klassane var det tynnare.

Det vart ein del fine resultat på stemnet, blant anne  kan nemnast 6.88 i lengde av Gjert Høye Sjursen frå Gneist, som og sprang 100 meter på 11.36 med 3,2 i motvind…hans heat fekk den einaste motvingskula som var på sprint. På 5000m kan nemnast Johannes Sandvik Bø frå Fitjar, som er 17 år. Tida til Johannes vart 15.14.69, som er eit svært godt resultat for ein på 17 år-

Tiril Bjørø Opsøen frå Haugesund er berre 12 år, men sprang 800m på 2.34.69, som er imponerande.

Mange av Austevoll sine deltakarar hadde  fine resultat og imponerte. «Ingen nemnt ingen glemt». Mykje bra å byggja vidare på her. Me gler oss til fortsetjinga.

Det var sett opp ein del premiar for beste resultat på stemnet.

I aldersbestemte klassar var det sett opp best i løp, hop og kast etter Tyrvingtabelen

Beste poengsum løp gjekk til 17 år gamle Johannes Sandvik Bø frå Fitjar med tida 15.14.69 som gjev 1052 poeng

Beste poengsum hopp gjekk til 13 år gamle Noami Osmonovic frå Haugesund med resultatet 4.56 i lengde som gjev 907 poeng.

Beste poengsum kast gjekk til 13 år gamle Sofie B Førre frå Fitjar med resultatet 8.51 i Kule.

Beste poengsum etter seniortabellen gjekk til Gert Høye Sjursen frå Gneist med 6.88 i lengde, som gav 801 poeng.

Me gratulerer vinnarane. Dei får kvar sitt gåvekort  frå Løplabbet.

Me takkar Lerøy for god sjømat som vanleg.

Takk til deltakarar, leiarar, funksjonærar og alle andre som var med å laga dette til ein fin dag.

HER ER RESULTATA:

RESULTATLIST AUSTEVOLL-LEIKANE 07.05.2023 (med rekrutt)

Back To Top
Search