skip to Main Content

RESULTAT AUSTEVOLLSLØPET 2024

Tok si tid, men her er resultatlista frå Austevollsløpet. Med stort og smått var det 45 som deltok. Me skulle sjølvsagt yngst oss fleire. Me takkar dei som var med for solid innsats. Ei stor takk til våre trufaste funksjonærar som alltid stiler opp. Denne gangen var det 21 funksjonærar som gjorde ein strålande jobb.

Ein honør til dei som er trufaste gjevarar av gåvepremiar, som vert trekte på startnummera.:

Austevoll Rør, Kjell Elholm, Austevoll Husflid, Bilvask 24/7, Casa Mia, Forglemmegei, Europris, Sport Outlet, Ekstra Storebø, Aroy og Lerøy. Tusen, tusen Takk!

Resultatliste Austevollsløpet M

Her er litt bileter:

 

Litt info før start på Mini Mini Maraton. Dei små følgjer spente med.

Her suser 5km feltet avgårde.

Ein tidlegare storløpar igang. Torunn Haukanes, nermaste bane, stikk avgarde med ein gamal mann i «Ekstra moden 65+» klassen hakk i hel.

 

Erika Haukanes Ringdal, deltakar i Mini-Mini Maraton, viser stolt fram medaljen.

Vinnar av Austevollsløpet 2024, Martin Mjelde frå Gneist IL, med den fantastiske tida 16.01.2 . Han er berre 16 år gamal.

 

Back To Top
Search