skip to Main Content

Resultat og oppsummering Austevoll-Leikane 2025

Omsider kjem ei oppsummering frå Austevoll-Leikane.

Det var ein fin og fyldig reportasje i Marsteinen, som eg håper de har lese. Resultata har elles vore lagt ut på Facebooksida til Hordaland Friidrett, medlemsgruppa og friidrettsgruppa si eiga private gruppe  «Austevoll Friidrett. Aktive, «Pensjonerte», familie, vener/hjelparar» Meld deg på som medlem her vist du ikkje er. I tillegg er resultata sjølvsagt sendt inn til Norges Friidrettsforbund og til statistikkutvalet i Hordaland Friidrett.

Me er svært nøgd med deltakinga på stemnet i år. Rundt 150 deltakarar var påmelde og det blei rundt 220 enkeltstartar totalt.

I år som i fjor hadde me svært mange ivrige rekruttar…

På biletet frå Indre bane: Erika Haukanes Ringdal, Mia Henriksen Gjøvåg, Celina Gokstad Møgster og Andrea Solbakken alle frå rekruttgruppa til Austevoll.

I år hadde me og ein god del toppidrettsfolk, frå klubbar i Kretsen. Gular som er ein gamal samarbeidsklubb stilte med mange av sine topputøvarar. Me hadde difor fine felt på både 1500 og 5000m både i dame og herreklassane.

Vinnarar 1500m

Karoline Fantoft IL Gular 1999 4.48.30
John Petter Stevik IL Gular 2003 3.47,92

 

Vinnarar 5000m

Anne Hansen IL Gular 17.30,41
Jonas Lillejorde Osterøy OL 1998 15.58,29

 

Siste men ikkje minst stilte «vår eigen» Una Haukanes opp på 300m hekk. Tida hennar blei 43.48, som er rett bak hennar eigen pers. Una representerer IL Gneist, men far hennar Frode var aktiv i Austevoll Friidrett som barn og ungdom.

Me takkar alle dommarar og funksjonærar som gjorde det mogeleg å arrangera dette stemnet.

Vil og takka spesielt Sparebanken Norge for fint økonomisk bidrag til stemnet.

HER ER RESULTATLISTE:

RESULTAT AUSTEVOLL-LEIKANE 24.05.2025 FINAL

Back To Top
Search