skip to Main Content

SLUTT PÅ TØRKA – ENDELEG I BASSENG ATT

Endeleg vart det slutt på tørka for å konkurrera i det våte element, nemleg i basseng. Symjegruppa i Austevoll Idrettsklubb kunne endeleg 4. og 5. juni reise over til fastlandet for å konkurrera mot bergensarane. Det har grunna koronaepidemien ikkje vore mogleg å tevla mot andre kommunar sidan oktober i fjor.

Dette har verkeleg gjort det vanskeleg for dei symjeglade austevollingane å finne og halde motivasjonen oppe. Å ha eit mål og ei ny tid og symje mot, er viktig for all trening som blir lagt ned kvar veke.

Denne gongen var det berre dei yngste i konkurransegruppa som fekk delta på eit nedskalert Fana Sparebank Cup.  Dei andre skal få si sjanse i det internasjonale stemnet, Bergen Swim Festival seinare.

Frå Austevoll stilte fire jenter Liv, Julia, Margrethe og Ingvild. I tillegg deltok Luca som den einaste guten òg på sitt aller første approberte stemnet. Alle saman i alderen elleve og tolv år og veldig spente og nervøse for å delta på stemne att. Men det hadde dei ingen grunn for, då dei alle fekk nye personlege rekordar og medaljar. Heile 19 nye personlege rekordar og 10 medaljar gjorde at sjølvkjensla gjekk til topps og gleda var stor.

I tillegg til å delta på stemnet, blei det arrangert flyteøving i 3 minutt som blei filma. Dette var i samband med «Hele Norge flyter» som er landsdekkande med fokus på betre svømmeopplæring for born.

Som dei eldste i konkurransegruppa, Approbert, er målet det same for dei yngste, Nyapprobert, nemleg å kvalifisera seg til Låmø som no skal arrangerast i september.  Etter helga har no Ingvild Sandtorv (11) og Margrethe Karlsen (11) kvalifisert seg, mens Liv Våge (11) har kvalifisert seg tidlegare.

Fana Sparebank som var sponsor for stemnet, stilte med solhatt til alle symjarane som passet perfekt til austevollingane då den var i fargen oransje.

Ingen tvil at det var stor glede for heile gjengen og vera med på stemnet att!

Her er ei oversikt på dei beste personlege rekordarane:
Navn: Antall perser Beste betring i sek Øving
Julia 4 32,47 400 fri
Liv 5 28,61 400 fri
Ingvild 5 39,71 400 fri
Margrethe 3 17,93 400 fri
Luca 2 22,59 200 bryst

 

Back To Top
Search