Sterke, rørande og inspirerande føredrag av Helge Brekke og Salum Kashafali
Helge Brekke stilte direkte spørsmål til alle i salen, med stillepause for å tenkja etter…
Korleis ser du på deg sjølv?
Korleis trur du foreldra dine ser på deg?
Korleis trur du skulen ser på deg?
Korleis trur du venane dine ser på deg?
Etter desse svært direkte spørsmåla kom han med eksempel på kva forskjellig type oppførsel kan føra til og kva konsekvensar desse kan få for deg sjølve og andre…mobbing og anna.
Han kom og med rørande historia frå si tid som rektor der ungdomar kom gråtande til han, fordi dei blant anna mangla grensesetting i heimen.
Eit svært nyttig føredrag frå ein mann med mykje erfaring.
Salum Kashafali fortalde om sin oppvekst i Kongo der han, foreldre og åtte søsken levde i den ytterste fattigdom. Det kunne gå ei veke mellom kvar gang dei hadde det ein kan kalla eit måltid. Elles åt dei frå søppla til andre. Krigen kom og han såg besteforeldre og andre familiemedlemar blei drepen. Han, søskena, mor og far klarte å rømma. Dei tok fatt på ei fleire månader land reise til fots før dei enda opp i ein flyktningeleir. Her var ein halv million flyktningar, mange hadde vore der i opp til 10 år. Det var ingen helsehjelp å få der. Folk gjekk rundt med blant anna rotne armar eller bein til dei bukka under.
Salum og familien var heldige. Etter eit år i leiren vart dei tilbydt eit land, og det var Norge. Dei landa i Vadsø, midt på vinteren iført singlet og sandalar. Dei var her eit års tid, men vart utsett for mykje mobbing på skulen og elles. Dei vart då flytta til Bergen. Her vart alt mykje betre. Salum tok fatt på utdanning og blei med i idrett. Det var fotballtrenaren hans, som anbefalte han å starta med friidrett.
På dette tidspunktet såg Salum normalt. Men ein morgon vakna han og hadde mista omtrent alt syn. Det viste seg at han hadde ein arveleg sjukdom. For å få denne måtte begge foreldre ha denne feilen i genane, like vel var det berre 0.1 % sjanse for å utvikla denne. Salum var den einaste av søskena som blei ramma. Heile livet vart snudd opp ned på ein augneblink. Likevel klarte Salum etter ei stund å finna tilbake til pågangsmotet. Han gjennomførte utdanninga og blei ein av våre store idrettsutøvarar, med blant anna paraolympisk gull, para-VM gull, Para-EM gull, men og Noregsmeister på 100m i ordinær klasse.
Eit svært inspirerande føredrag, der han oppmoda alle til aldri å gje opp. Målretta og hardt arbeid fører alltid fram.
Kring 250 ungdomskuleelevar og ein del lærarar var til stades på føredraget i skuletida.
Her er nokre av elevane, som koste seg stort i selskap med verdsstjerna…
Her blir Salum utfordra i biceps flexing.
Salum er favorittutøvaren til Vetle, som og driv med friidrett.
Me var heldige å få besøk av ordføraren og. Er ho litt «starstrucked?»
Det var dessverre ikkje så bra oppmøte på kveldsføredraget som me skulle ønska. Dette føredraget var mynta på trenarar, leiarar, foreldre og andre. Fredagskvelden er ei heilag tid for mange familiar, men denne gangen var det ikkje mogeleg å finna ein annan dag.
«Handbok for unge idrettsutøvarar – og trenarar», der Helge Brekke har samla eit stjernegalleri av artikkelforfattarar blir no delt ut til alle elevar og gym-lærarar på ungdomsskulen. Kommunen har spandert desse på dei. I tillegg vil alle trenarar og leiarar i idrettslaga få ei bok kvar. Laga har investert i dette. Nær 500 handbøker vert såleis delte ut.
Her er ei oversikt over artikkelforfattarane og tema i boka:
«Gleden og nytten av å være i aktivitet, ved Eystein Enoksen, Professor i idrettsvitenskap, Norges Idrettshøgskole.
Kva er teknikk- og motorikktrening, ved Lars-Arne Andersen, Fagkonsulent i Olympiatoppen
Vær tro mot dine verdier, ved Mats Kaggestad, tidligere proff syklist.
Kondisjonstrening, ved Espen Tønnessen, fagsjef i utholdenhet i Olympiatoppen.
Allsidighet anbefales, ved Johan Kaggestad, tidligere landslagstrener og mye mer.
Kostholdsråd for fysisk aktiv ungdom, ved Mette Helvik Morken, PhD Førsteamanuensis I, UiB Avdelingssjef, Avdeling for klinisk ernæring, Haukeland Universitetssjukehus, Helse Bergen HF
Hva kjennetegner en god trener, ved Dag Kaas, Cand.oecon (Samfundsøkonom) og 2.avd. Juss
Foreldrene/foresatte sin rolle, ved Mons Ivar Mjelde, tidligere fotball spiller. Vinner av Kniksen prisen 3 ganger. Trener for en hel rekke lag.
Jakten på talentene, ved Anja Hammerseng-Edin. Tidligere håndballspiller. Jobber i dag som daglig leder i Fearless Mind, som bygger mental styrke hos store og små.
Hva er teknikk? Evnen/tålmodighet til å øve/repetere/drille inn tekniske ferdigheter, ved Steinar Mundheim, blant annet landlagtrener i langrenn.
Idrett og media – hva er det viktig å tenke på, ved Espen Graff. Kommunikasjonssjef i Norges Skiforbund. Har jobba i 20 år i ulike avdelinger i NRK.
Lagånd/fellesskap – en viktig del av veien til topps, ved Nils Jakob Skulstad Hoff, blant annet verdensmester i roing.
Astma og idrett, ved Kai-Håkon Carlsen. Professor emeritus dr.med.
Overtening / feiltrening, ved Ove Talsnes, MD PhD. Tidligere landslagsutøver i friidrett. Mesterskapslege i en rekke EM, VM.
Råd om du blir skadet, ved Eystein Enoksen, Professor i idrettsvitenskap, Norges Idrettshøgskole.
Den gode prestasjonskulturen, ved Bjørge Stensbøl, blant annet toppidrettssjef.
Trene med infeksjon, ved Thor-Øistein Endsjø. Vert medisinsk ansvarlig i flere idrettsforbund og lege i flere OL og andre internasjonale mesterskap.
Spiseforstyrret adferd og spiseforstyrrelser, ved Therese Fostervold Mathisen. Doktorgrad i idrettsvitenskap. Tidligere volleyballspiller, styrkeløft og athtletic fitness.
Alkohol og prestasjon, ved Ola Jøsendal, Lege,PhD. Elitetrener i friidrett og fotball. (Seriegull med Brann i 2007). Doktorgrad i forebyggende helsearbeid. Spesialist i samfunnsmedesing og rus- og avhengighetsmedisin p.t. assisterende fagdirektør i Helse Vest RHF.
Hjertestans i idrett, ved Øyvind Haugen Lie er lege og PhD ved Kardiologisk avdeling på Oslo Universitetssykehus, Rikshospitalet. Han har spesiell forskningsinteresse for hjertesykdom og hjertestans hos idrettsutøvere.
Utholdenhet -hva er dette og hvordan kan det måles, ved Øyvind Sandbekk, professor ved Institutt for nevromedisin og bevegelsesvitenskap ved NTNU og daglig leder for forskning og utvikling ved Olympiatoppen.
Trygg idrett – nulltoleranse for diskriminering og trakassering, ved Håvard B Øvregård– Seniorrådgiver i Norges Idrettsforbund (NIF)
Dopingkontrollen, ved Lars A. Vestad, jobber som informasjonsrådgiver i Antidoping Norge
Verdensmester i frivillighet, ved Stian Slotterøy Johansen. Generalsekretær i Frivillighet Norge.
Allsidigheit viktig i oppveksten min, ved Ann Kristin Aafelt Flatland. Skiskyting. Var en del av elitelaget i ca. 10 år.
Ønskje frå ung idrettsutøvar, utøvaren vil vera anonym. «Alle idrettslag burde ha ein mentor som idrettsutøvarar kan snakka med og få hjelp av»
Søvn og ungdom, ved Ivar Strandheim. Psykologspesialist i Samfunns- og allmennpsykologi, Norges Fotballforbund.
Mental trening, ved Peer F. Jarnung. Blant anna direktør for fleire store offentlege og private selskap.»
Dersom foreldre eller andre er interesserte i handboka kan den tingast innan 1.desember, gjennom Dagleg leiar i din klubb. Prisen er 60 kr.
Beste helsing
Svein Harald Haukanes