skip to Main Content

Stig med UEFA A-lisens

Stig Med UEFA A-lisens

Stig Storebø fekk 01.07.2021 UEFA a-lisens som fotballtrenar. Dette er trinn 3 av 4 i NFF sin trenarutdanningsstege. Det betyr at Stig kan trene kvinner i toppserien, og være hovudtrenar i OBOS-ligaen samt hjelpetrenar i Eliteserien for menn.

Stig har vore medlem av AIK store delar av livet sitt, og har etter at han slutta som aktiv spelar vore trenar for ulike lag både på aldersbestemt og seniornivå. Han har og sidan rundt 2015 vore trenar i Hordaland fotballkrins der han har hatt hovudansvaret for ulike kretslag gutar 14-16.

Om han ikkje har skrive det ned på papir er Stig i praksis under livsstidskontrakt med klubben i sitt hjarte, og sjølv Leeds vil få problem med å tilsette han. AIK vil dra nytte av kompetansen til Stig i mange år framover, og når samfunnet igjen opnar att kan han setje i gang med den viktige jobben som trenarkoordinator i AIK.

Godt jobba Stig!

Ekstern artikkel

Back To Top
×Close search
Search