skip to Main Content

Takk for meg

Etter nesten  18,5 år takker eg for meg som dagleg leiar i Austevoll Idrettsklubb.
På desse åra har eg fått opplevd mykje både medgang og motgang. Vil nok huska da positiva best 😊
– Me fekk første hallen i Austevoll
– Me fekk vår første kunstgrasbane
– Me hadde lag i 1 divisjon i volleyball
– Innebandyen ble lagt ned
– Oppstart av klatregruppe
– Oppstart av Badminton for første gang i Austevoll
– Ny start av svømmegruppa i klubben
– A laget spelte i 2 divisjon
– Storkamp mot Brann med publikumsrekord på over 2500
– Skøytegruppa si storheitstid med Hanne Haugland
– Vert med å starta Austevollserien og julacupen
– I alle desse åra har Helga Rabben vert turntrenar- ikkje verst
– Klubben har feira 50 års jubileum med alle stiftarane tilstades
– Me har hatt eit stabilt hovudstyre, noko som har vert ein fordel.
– Saman har me fått ein klubb med positiv økonomi
– Me har gått gjennom kvalitetsklubb i fotballgruppa
– Me har vert med på innsamling av midlar til symjebassenget
– Me har arrangert Austevolløpet, Austevollmesterskapet og fotballskule i mange år.
– Me har fått mykje på plass i organisasjonen
– Me har blitt ein klubb med ca. 750 medlemmer
– Me har fått til eit godt opplegg på Allidrett med barnetrim, allidrett 1-4 kl.  og open hall
– Me har hatt Cheerleading og orientering i ein kort periode.
– Me kom oss gjennom Koronatida.
– Stordansar i Gråsidalen og Austevollhallen.
No er tida inne for nye utfordringar, og stafettpinnen blir gitt vidare.
Takk for alle glede idretten har gitt meg og andre  innbyggjarane i Austevoll
Takk for laget, og takk for alle eg har blitt kjent med gjennom idretten.
Stolthet og Glede

Back To Top
Search