skip to Main Content
Trygg På Trening

Trygg på trening

I går hadde me foredrag Trygg på Trening i Kulturbadet.
Mange foreldre,trenarar og lagleiarar i kommunen hadde teke turen for å høyre på Trond Berge Høvik.
Han er ein kar som kallar ein spa for ein spa,så me får servert mykje info me helst ikkje vil ha.
Han og Maria Dalsbø reiser rundt å holde foredrag i Hordaland og resten av landet,og det er eit viktig tema dei tek opp.
Dette har dei holdt på med sidan 2017,og no kjem resten av idrettsnorge etter.

Selbjørn IL,Hundvåkøy IL og Austevoll IK har samarbeid om å laga felles beredskapsplan ved mistanke om seksuell trakassering og etiske retningsliner for idrettslaga i Austevoll. Desse ble lagt fram under foredraget.
Så får me håpa at med alt forebyggjande arbeid,vil me sleppa å få slike saker i klubbane våre.

Back To Top
×Close search
Search