OM AIK
Austevoll Idrettsklubb vart stifta som Idrettslaget Huftar 28.07.1967.
Det var Friidrett som stifta klubben, og nokre år seinare kom fotballgruppa inn.
Desse to gruppene drifta klubben i mange år, og så kom dei andre gruppene inn etter kvart. Klubben driv aktivitet i dei greinene som for tida er aktuelle, samt at klubben arrangerer ulike lavterskel fritidssyslar som gjerne er open for personar som ikkje er medlem og. Klubben har vore oppteken av å kunne tilby faste treningstider og stadar for trening og at utøvarane etter kvart kan konkurrere mot andre.
I seinare tid har også klubben teke til seg Fair Play og REN idrett.
Hovudlaget er særs stolt over breidda me har fått til i klubben, og dette fører til mange aktive unge og gamle.
Austevoll Idrettsklubb baserer sin aktivitet på felles vedtatte aktivitetsverdier for norsk idrett:
Idrettsglede, fellesskap, helse og ærlighet.
Klubben vår drives etter idrettens organisasjonsverdier: Frivillighet, demokrati, lojalitet og likeverd.
Ut fra fellesverdiene i norsk idrett, har Austevoll Idrettsklubb tydeliggjort hva som skal prege oss og klubben vår. Verdiene beskriver hvordan vi er og hvordan vi vil bli.
Verdiene skal hjelpe oss til
• å skape et godt klubbmiljø, der vi tar godt vare på hverandre
• å skape gode holdninger, som fører til et godt treningsklima
• å være en klubb som er kjent for godt samarbeid og god oppførsel
• å fremstå slik klubben ønsker i alle sammenhenger
• å bli tydelige, få frem det som skiller oss fra andre, og klargjøre vår spesielle identitet
Visjonen:
Stolthet og glede
Stolthet:
– Alle skal vere stolte av å vere med i idrettsklubben vår, og det skal vere kjekt å vere ein del av vårt idrettsmiljø.
Glede:
– Alle skal bidra til å skape gode idrettsøyeblikk på trening og konkurranser.
– Skape positive minner, som utøvarar og andre kan glede seg over resten av livet
Verdiene:
Samhald:
– alle skal føle at dei er ein del av eit fellesskap i klubben vår
– ALLE er med og driver klubben i fellesskap; utøvarar, foreldre, besteforeldre, trenarar, lagleiarar, klubben – det er dette som skaper samhald
– Me holder saman både når me vinner og når me taper
Trivsel:
– Det skal vera kjekt å utøve idrett i AIK, målet er at alle skal glede seg til treninger og konkurranser
Tryggleik:
– Klubben har retningslinjer ved reise til konkurranser
– Det skal vere trygt å bruke anlegga våre og alle skal føle seg trygge på trening og i konkurranse
Dagleg leiar:
Lena Bjorøy
Telefon – 92284459
E-post – lena.bjoroy@aik.no
Styreleiar:
Andreas Risøy
E-post – andreas.risoy@aik.no
Adresse:
Kleivhaugane 2
5392 Storebø
Andreas Risøy- Leiar
Torbjørn Karlsen – Nestleiar
Julie Albrektsen
Per Erik Hansen
Silje English
Svein Harald Haukanes
Trond Heggestad
Chanielle Ramsvik- Vara
Annelin Gokstad- Vara