skip to Main Content

Årsmøte

Innkalling til årsmøte i Austevoll Idrettsklubb 2024

Årsmøtet avhaldas 21.03.2024, kl. 18:00,  på Kleivhaugen 2 – Klubbhus eller sosialt rom hallen.

Styret innkallar hermed til årsmøte i Austevoll Idrettsklubb.

Saker som eit medlem ynskjer behandlast på årsmøtet, må sendast styret seinast 21.02.2024 til Austevoll IK , Pb 77,5393 Storebø eller post@aik.no

Fullstendig sakliste med alle saksdokumenta vil bli gjort tilgjengeleg for medlemmene seinast éi veke før årsmøtet på www.aik.no.

For å ha stemmerett og kunne veljast til verv må ein ha vore medlem av Austevoll Idrettsklubb i minst éin månad, fylle minst 15 år i da kalenderåret årsmøtet avhaldas, og ha gjort opp sine økonomiske forpliktingar til Austevoll Idrettsklubb. Alle medlemmer har uansett møterett, talerett og forslags rett.

For meir informasjon om årsmøtet samt reglar om stemmerett, valbarheit, forslags rett mv., sjå Austevoll IKs lov. Ved spørsmål som gjeld årsmøtet, kan Lena Bjorøy kontaktast på 92284459/lena.bjoroy@aik.no

Velkomen til årsmøte!

Back To Top
Search