skip to Main Content

AUSTEVOLLSLØPET 2018

Strålande vær gjorde Austevollsløpet til ei fin oppleving for store og små som deltok.
I underkant av hundre deltakarar fullførte løpet.
I den lange løypa, frå brufestet til Austevoll Idrettsanlegg, var det Knut Halvor Møgster som var fyrst over mål på tida 23.25. Dameklassen vart vunne av Maria Østervold som berre er 14 år gamal. Ho sprang så fort at ho blei nummer to totalt på den lange løypa og var knapt eit minutt bak vinnaren i klassen for menn. Tia 24.11 fortel oss at her har vi eit talent utanom det vanlege.
Den korte løypa vart vunne av Sondre Haukanes, som er født i 2008 og som soleis er berre 10 år gamal. Han sprang distansen frå Storebø barneskule, via Drengastovo, til Austevoll Idrettsanlegg på 10.17, ei fantastisk tid. Har De bruk for nokon til å springa ærend for Dykk, kan eg verkeleg anbefala han, då får de tinga gjort i ein fei. I tillegg til Sondre hadde vi tre til som sprang fort i den korte løypa, alle desse klarte å halda seg på 12 talet, desse var Mario Østervold (2007), Olina Molnes (2006) og Maila Haukanes Singdahlsen (2008).
I klassen 12 år og yngre, der alle sprang i ein klasse, blir det klart vanskeleg for dei som er yngst å hevda seg. Vi har studert resultata ut frå reell alder og ser klart at her er det manger gode talent som kan gjera det godt framover.
Det som gleda oss mest av alt var likevel den gode stemninga og alle dei breie smila. Det var tydeleg at folk hadde det triveleg. Her stilte unge og gamle på same startstreken. I år hadde vi mange foreldre med barnevogn som tok turen og sjølvsagt hadde dei som låg i vogna startnummer og. Tidleg krøkjast heiter det. Yngste deltakar var fødd i 2018. Elles vil eg spesielt nemna Nils Bjarne Jørgensen som har vore ein av dei ivrigaste til å delta i Austevollsløpet gjennom dei 37 åra det har vore arrangert. Han var på plass i år og sjølv om han no må bruka rullestol. Stor honnør.
Etter løpet var me alle samla i «det sosiale rom» i Austevollshallen. Her kunne deltakarane seta seg ned i ro og mak og kjøpa seg mat og drikke medan dei venta på premieutdeling. Premieutdeling vart det til slutt, sjølv om underteikna ikkje er så rask på labben som for 25 år sidan.  Vi var så heldige at vi fekk med Torunn Haukanes til å dela ut premiar. Torunn er ikkje nokon kven som helst. I fleire år på rad toppa ho statistikken i landet på 400, 800 og 1500 m i sin årsklasse. Ho var òg Norgesmeister for ungdom på 800 m og nummer 2 på same distanse i Junior NM. Trur nok både unge og eldre tok imot premiane sine med ein viss ærbødigheit frå henne.
Næringslivet var rause som vanleg og bidrog med mange fine premiar som vart trekte på startnummera. I tillegg fekk dei 3 beste i kvar klasse fine premiar. Alle 12 år og yngre fekk ein fin Deltakarmedalje dekorert med logoen til klubben og Austevollsløpet i midten av medaljen.
I år var det nokre av oss veteranane som arrangerte Austevollsløpet. Vi vil på vegne av alle oss og Austevoll Friidrett få takka alle som var med å hjelpa til. Sist men ikkje minst vil vi takka alle som stilte til start. Vi vonar at dette gav deg ei helsegevinst både fysisk og psykisk og at du hadde det kjekt i møte med andre blide menneske. I tillegg til dette var du og med på å støtta arbeidet idretten gjer for barn og unge. Austevoll friidrett takkar deg for det.

Svein Harald Haukanes – På vegne av arrangementet komiteen

RESULTATLISTE AUSTEVOLLSLØPET 2018
NO NAVN TID
KORT LØYPE 2.4 KM FRÅ STOREBØ BARNESKULE TIL AUSTEVOLL IDRETTSANLEGG
JENTER 12 ÅR OG YNGRE
1 OLINE MOLNES (2006) 12,27
2 MAILA HAUKANES SINGDAHLSEN (2008) 12,48
3 AMANDA TROLAND (2008) 15,33
4 JENNY TEIGEN (2011) 16,30
5 IDA HAUKANES (2010) 16,32
6 SOFIE MOLNES (2011) 16,44
7 ELA HAUKANES OLUFSEN (2008) 18,36
8 EMMA HORGEN (2008) 18,27
9 NORA SOFIE KVALE (2008) 18,28
10 EMELIE MØGSTER (2010) 19,04
11 VILDE BLIX (2009) 21,24
12 ALMA HAUKANES OLUFSEN (2011) 21,41
13 RAKEL MØGSTER (2011) 21,50
14 SOFIE ØSTERVOLD (2011) 22,58
15 SARAH ØSTERVOLD (2012) 23,04
16 KRISTINA MORTVEDT (2012) 23,10
GUTAR 12 ÅR OG YNGRE
1 SONDRE HAUKANES (2008) 10,17
2 MARIO ØSTERVOLD (2007) 12,09
3 ANDERS ØSTERVOLD (2009) 14,40
4 SIGURD K MIDTBØ (2007) 14,56
5 SIMON FYLLINGSNES (2009) 15,43
6 DANIEL SKULSTAD (22007) 15,55
7 HENRIK SKULSTAD (2009) 17,53
8 AKSEL HAUKANES SINGDAHLSEN (2014) 19,30
9 KNUT MAGNUS ØSTERVOLD (2009) 20,20
10 SIGURD FYLLINGSNES (2014) 25,20
BARN SOM FULLFØRTE UTEN TID
MATINE ØSTERVOLD (2012)
VEGARD SKULASTAD (2013)
CAROLINE TARANGER (2015)
MAREN TARANGER (2017)
OLIVER SKÅR MØGSTER (2017)
WILLIAM SKÅR MØGSTER (2017)
IVAR OVE AUSTEVOLL (2014)
MALENE TEIGEN (2016)
ELISE MORTVEDT (2016)
ANDERS MORTVEDT HOVDA (2016)
JOHANNES MORTVEDT HOVDA (2018)
UNGDOM
1 JULIE BJØNESØY (2003) 25,10
MOSJONISTER
JAN MOLNES 16,44
TORUNN HAUKANES 19,30
BJARNE JØRGENSEN 20,24
HILDE KRISTIN MØGSTER
INGER LISE ØSTERVOLD
MONIKA DJUPEVÅG
AKSEL S HAUKANES
MÅLFRID HAUKANES
ALMA HAUKANES
MARI ANN HAUKANES
ÅGE RINGDAL
KARIANNA Å SKÅR
CHRISTIAN MØGSTER
HEGE AUSTEVOLL
OLE BJARTE AUSTEVOLL
JANNE K MIDTBØ
INGER ANNE MORTVEDT 23,37
KENETH BLIX 21,24
ODD ARNE ØSTERVOLD 24,20
KRISTIAN SKULSTAD
HEGE AUSTEVOLL
LANG LØYPE 5.7 KM FRÅ BRUFESTET VED AUSTEVOLLSHELLA TIL AUSTEVOLL IDRETTSANLEGG
MENN
1 KNUT H MØGSTER 23,25
2 LARS JOHAN HUFTHAMMER 25,23
3 NILS-FREDRIK SOLEM 25,50
4 JOAKIM IDEN 27,13
5 JOHANNES HANØY 27,21
6 KJELL FRODE HOLE 27,59
7 MAGNUS S MØGSTER (G10) 28,28
8 ATLE TØKJE 32,51
9 OLAV S MØGSTER (G9) 35,32
10 ALFRED MØGSTER 45,49
11 OLAV S MØGSTER 57,00
11 MAGNUS S MØGSTER 57,00
13 HEINE MØGSTER 57,55
13 HELGE MØGSTER 57,55
15 INGEBRIKT ØSTERVOLD 64,20
DAMER
1 MARIA ØSTERVOLD (J.14) 24,11
2 LIV IREN BIRKELAND 32,25
3 KARINE HEVRØY 34,25
4 SARA OLAUSSEN 34,55
5 IRENE KALAND 39,39
6 INGER MARIE MØGSTER 46,09
7 MARIANNE MØGSTER 46,07
8 RANDI MØGSTER 53,10
9 MAGNHILD GRINDHEIM 53,14
10 IDBJØRG DRØNEN 1.10.14
10 LEONORA DRØNEN 1.10.14
12 NORUNN BAGGE 1.16.39
13 INGRID NJÅSTAD 1.16.41
Back To Top
Search