skip to Main Content

Julebrev frå Austevoll Idrettsklubb

2018 er snart over, og me gled oss til å ta fatt på idrettsåret 2019.
I år kunne me gleda oss over at Austevollbadet sto ferdig, og mange Austevollingar har teke dette fast i bruk. Dette viser at det var behov for eit basseng i kommunen, som var ope for alle.
Tidlegare har ein ikkje kunna gått for å symje når ein ønskjer det.

Austevoll Idrettsanlegg blei oppgradert i 2016/17. Dette prosjektet er ikkje heilt avslutta, men me håper dette blir ferdig i 2019.
I 2017/18 tok me eit stort tak i klubbhuset, og oppgraderte det til dagens standard. Me har flytta kontora opp, fått tidtakingsrom og eit stort møterom med kjøken. Må sei det ble mykje trivelegare på klubbhuset no, og me har fleire måtar å bruke det på. Det er nokre prosjekt til  som me ikkje har fått ferdig på Austevoll Idrettsanlegg. Pr i dag har me alt for lite lagringsplass i Austevollhallen. Når ein har flytta 17 mai-feiringa opp her, so treng ein meir lagring til stoler og bord. Me har heller ikkje nok lagringsplass til idrettsutstyr ol. Dette er noko me ønskjer å jobba med i 2019, men vil då ha det som eit samarbeidsprosjekt med 17 mai-komiteen og Austevoll kommune.
Me ser og behovet for å få skifta dekket/golvet i Austevoll hallen. Det skjer ein del skader , som me meiner kunne vore unngått med nytt dekke.
Austevoll Kommune heldt på å bygga om på Austevoll Ungdomskule. Når den står klar håpa me å få på plass aktivitetsparken på Vikinghaugen – Vikingparken.

Me har pr i dag 3 tilsette i klubben, etter at me tilsette Annette Horne Tøkje i ein 30% stilling i symjegruppa i september. Dette er eit prøveprosjekt, som me håper me kan fortsetta med. Ho gjer ein god jobb i symjegruppa vår.
Trond Fredrik Ludvigsen jobbar som administrativ leiar i fotballgruppa , der han har ansvar for at alt fungerer der.

Anne B Drønen jobbar fortsett  100% i klubben, noko ho har gjort sidan 2004. Ho har ansvar for dei andre gruppene, hovudlaget og hallen.
Kjetil Kolbeinsvik valde å trekke seg som leiar i AIK i år. Valnemnda gjorde ein god jobb for å skaffa ein ny leiar på øvste hylle, og me var veldig glad då Vivian B. Horgen takka ja til leiarvervet.

Me har hatt ca. 730 medlemmer i klubben i år, og mange av desse er med på fleire aktivitetar . Me har og hatt idrettskule, B2B, fotball, volleyball, skøyter, klatring, friidrett, symjing, badminton, cheerleading, turn og orientering.

John Aksel Haukanes jobbar fortsett med å få på plass dei 50 første åra i klubben si historie mellom 2 permar. Målet var at jubileumsboka skulle vera ferdig til jul å år, men dessverre blei den ikkje det. Me håpar at den kjem i trykken på våren 2019.

AIK drifter Austevollhallen for Austevoll kommune. Me har ansvar for tildelingar , hallvakter og utleige. I hallen har det vore trening for barn og unge i klubben og bedrifter i kommunen vår. I helger har me open hall for bedrifter og utleige til sosiale arrangement.

Det har vore ein del arrangement i løpet av året m.a.: open hall, Austevoll meisterskap i friidrett, Austevolløpet, Tine Fotballskule, Jula-cup, Austevollsprinten, skulemeisterskap i friidrett for barneskulane i kommunen frå 5-7 klasse.

Me har også i år hatt eit godt samarbeid med Lerøy om fiskeprodukt på arrangementa våre, noko som gjer at me har sunne tilbod i kiosken vår.

Volleyball- damelaget melde seg på i serien 2017/18. Dessverre måtte dei trekka seg frå serien i 2018, då det var ein del som blei gravide.
I haust har det vore ein del ungdommar som har trent volleyball i Austevollhallen.

B2B- Klubben var so heldig i haust at me fekk Ole Andre Austevoll til å ha basistreninga i hallen. Dette er eit lågterskeltilbod til alle i kommunen frå 5 klasse og oppover.

Skøyter er ei lita gruppe med nokre få unge skøyteløparar. Dei reiser ut av kommunen for å gå på skøyter.

Idrettskule er eit tilbod me har hatt i heile 2018. Her prøver me å vera innom dei ulike idrettane som er i klubben vår. Dette tilbodet er frå 1-4 klasse. Trenarar er Hanne Haugland og Anne B Drønen

Turn består i år av ei gruppe med trufaste aerobicdamer, som har trening kvar torsdag i speilsalen. Helga Rabben er trenar for desse damene, noko ho har vore i mange år.

Cheerleading – Sailors Cheerleading har vore i aktivitet i nokre år, med Nina Jones som trenar. I 2018 var treningstilbod for 3-7 klasse, og treningane var i Austevollshallen. Ho har teke ein del utdanning i 2018. Trenaren deira var og med på open hall  i vinterferien, noko som var veldig populært.

Friidrettsgruppa har hatt aktivitet i heile 2018. Nina Møgster, Birte Wessel og Lars Johan Hufthammar har vore i trenarteamet.
I vår arrangerte dei  Austevollmeisterskap i friidrett, og på hausten tok den eldre garde i friidrettsgruppa ansvar for Austevollsløpet.
Friidrettsgruppa samarbeidar med skulane for å arrangera skulemeisterskap i friidrett for 5-7 klasse. Då er alle skulane i kommunen invitert til Austevoll Idrettsanlegg.

Badminton er blitt ei aktiv gruppe i klubben, med medlemmer frå 5 klasse til 50 år. Dei har treningar 3 dagar i veka i Austevollshallen. Fleire har fått prøvd seg i turneringar i år.
Anita Aasebø er primus motor for denne gruppa i år og. Hennar største ønskje for gruppa er at ein kan merka opp fleire banar, slik at ein slepp unødvendig kø på treningane.

Orientering har pr i dag tilbod om turorientering rundt Vinnesvatnet. Denne blir lagt ut om sommaren , og ein kan registrera poster fram til 1 november.

Klatring har hatt eit kjekt år, med aktivitet for barn og unge. Mange unge klatrarar stiller kvar veke i veggen i Austevollshallen.
Dei har 2 treningsdagar i veka. Me er so heldig at Veronika Møgster er leiar der i år og. 

Symjing – 2018 har vore eit år der det har skjedd veldig mykje fint i gruppa og noko trist.
Det nye flotte Austevollbadet vart ei ny tid for oss. Me er vanvittig heldig som bur i ein kommune som saman med næringslivet går inn og  klarer å realisere et slikt bygg med så gode treningsfasilitetar.
Mette vart sjef i det nye bassenget og ho og alle badevertar har gjort ein fabelaktig jobb med å få opp aktiviteten i bassenget. Mette måtte dessverre gje seg som leiar i symjegruppa (det triste) grunna sjefsstillinga i Austevollbadet. Me var uroa for kven som ville ta på seg å vere ny leiar. Heldigvis ville Linn Benedicte Våge ta på seg dette vervet og har verkeleg vist at det går an å hoppe etter Wirkola. Me har også vore så heldige at me har fått ein 30% stilling i AIK til å ta ein del av det administrative arbeidet i symjegruppa. Denne stillinga har Annette Tøkje hatt og teke ansvar for på ein særs god måte.
I 2018 har me og for første gong teke i bruk trygg i vann portalen frå NSF, som er ein portal der alle symjekursa blir administrert frå. Dette arbeidet er det Lene Vik som har teke ansvar for. Ho har hatt ein veldig krevjande jobb med å legge inn alle kursa og få kabalen til å gå opp, noko ho har gjennomført med stil.
Konkurransesymjarane har delteke på mange krets- og regionstemner dette året. Dei er i stadig utvikling og kjem alltid heim med nye personlege rekordar og flotte plasseringar.

Nokre symjarar ligg nå godt an til å kvalifisere til LÅMØ 2019 (Landsdels årsklassemønstring) Konkurranseavdelinga vil halde fram det systematiske arbeidet for å få ranka symjar til LÅMØ og har lagt dette inn i sportsplan for dei utøvarane som driv symjing som idrett.
Hovudlaget i AIK har verkeleg vore med på å gje symjegruppa eit stort løft i 2018 og dette er me særs takknemlege for.

Me ser fram til mykje ny aktivitet i symje gruppa i 2019 då me skal arrangere vårt første skikkelege symjestemne. Dette blir i mars.                                        

Fotball- har i år hatt 2 herre seniorlag, 7 gutelag og 3 jentelag i ungdomsfotballen . Dei hadde eit samarbeidslag med Selbjørn i G 2006, som heiter SIL/AIK. Ein hadde 3 lag med i barneserien, og mange lag med i Austevollserien.
A laget spelte i 4 divisjon, og Stig Storebø var trenar for 3.året på rad. Laget enda på 11 plass med 20 poeng, og vil spela i 5 divisjon i 2019.
I ungdomsklassane ser me mykje bra treningskultur og fotballglede,
så me trur me har mykje å sjå fram til.
Nytt av året var at ein starta med fotballag for 6 åringar. Trond Fredrik starta med eit lag i stjerneserien, noko som er positivt for klubben og Austevollsamfunnet. Me gled oss til å følgja dei vidare.
Fotballgruppa har arrangert Austevollserien og Tine fotballskule. Dei held på å planlegga årets Julacup, som er den 28 og 29 desember.

Austevoll Idrettsklubb vil med dette takka for all støtta me har fått hjå våre sponsorar både i form av pengar, gåver, anlegg og utstyr.
Utan hjelp frå dykk kunne me ikkje driva klubben vår slik me gjer i dag

God Jul og eit godt nyttår.

Austevoll Idrettsklubb

Back To Top
Search