skip to Main Content

Premie for beste heiarop

I helga deltok åtte symjeglade jenter på stemnet Fana Sparebank VS-medley. Stemnet blei arrangert av Vestkantsvømmerne på Ågotnes. Jentene frå Austevoll fekk med seg heim ein gull, to bronse, to sølv og fem plasseringsmedaljer. I tillegg fekk dei heile 28 nye personlege rekordar! Desse ungdommane slutter aldri å imponera.

Dei beste nye tidene var Maja med 0,36 sekund på 50 meter fri, Klara med 9,27 sekund på 100 meter butterfly, Mariann med 12,48 sekund på 200 medley, Thea med 8,10 sekund på 200 meter rygg, Bertine med 12,15 sekund, Louise med 10.29 sekund, Iselin med 2,43 sekund, Mia med 7,91 alle på 100 meter fri.

Nytt denne gongen var at det også skulle delast ut premie til klubben med best heiarop. Jammen, vann ikkje Austevoll Idrettsklubb denne sjangeren også. Eit gåvekort på kr 2 000 kjem godt med når det skal kjøpast inn diverse utstyr.

Tidlegare har også Aik symjegruppa  teke prisen for beste publikum også. Ikkje rart me er krye når me lukkast på både land og i vann!

På bildet:
Bak frå venstre: Mariann Våge, trenar Odd Ivar Nilsen, Maja O Bjånes, Thea J Våge

2. rekke: Klara Nilsen, Louise Lund-Sivertsen, Mia Sørvik

Framme: Iselin S Nord og Bertine Klæboe
Back To Top
Search